Lysår er ein måte å måle avstand i verdsrommet på. Eit lysår er avstanden lyset beveger seg på eitt år.

Ein bruker lysår fordi avstandane i verdsrommet er så store at det blir tungvint å bruke kilometer og mil.

Eitt lysår er 9461 milliardar kilometer.

Lyset bruker litt over åtte minutt på å komme frå Sola til Jorda. Ein kan seie at Sola er åtte lysminutt unna.

Den nærmaste stjerna som ikkje er Sola, ligg litt over fire lysår unna.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo