Kolon er eit skiljeteikn. Skiljeteikn er teikn ein brukar når ein skriv. Dei blir brukte for å skilje ord, setningar eller delar av setningar frå kvarandre. Dei andre skiljeteikna på biletet er punktum, komma, semikolon, spørsmålsteikn og utropsteikn.

Kolon er eit skiljeteikn. Det blir særleg brukt når ein vil vise at nokon seier noko, til dømes «Kari sa: Eg kjem no».

Kolon blir også brukt når ein skal ramse opp noko, til dømes «Dei hadde mange frukter: eple, pærer og bananar». Viss oppramsinga byrjar med til dømes, det vil seie eller nemleg, skal ein ikkje bruke kolon, og komma mellom døma: «Dei hadde mange frukter, til dømes eple, pærer og bananar».

Det skal stå stor bokstav etter kolon viss det som kjem etter anten byrjar med eit namn eller er ei heil setning. Eit døme er «Dei hadde mange frukter: Det var både eple og pærer i korga».

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Carina Nilstun
Leksikograf, Det Norske Akademis ordbok