nærbilde av føttene til kamelen
Kamelens klover er av samme type som hos for eksempel gris og hjort. Klovene er lange tær med negl på.
Foto av kamelhover
Av /Shutterstock.

Klover er den nedste delen av føtene til nokre pattedyr. Dyr som har klover er til dømes gris, storfe, hjort, elg, kamel, sjiraff og flodhest. Desse dyra blir ofte kalla klovdyr.

Beskriving

Klover er eigentleg lange tær med negler på. Elg har til dømes to veldig korte tær og to veldig lange tær. Utanpå dei lange tærne er det ein brei og hard nagl. Denne naglen veks, men blir slipt ned når dyret går.

Kvalar er òg ein type klovdyr sjølv om dei ikkje har føter. Det har forskarar funne ut ved å undersøkje skjelett av fossile kvalar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo