Faktaboks

demens

dementia

Ei eldre dame ser på et gamalt fotografi
Minner, kunnskap og ferdigheiter blir lagra i langtidsminnet. Ting som er lagra i langtidsminnet, kan ein ofte huske resten av livet. Mange gamle får sjukdommen demens. Då verkar ofte korttidsminnet dårleg, medan langtidsminnet verkar nesten som før. Ein som har demens kan ofte huske minne frå barndommen klart.
Foto
Av /Shutterstock.

Demens er navnet på ein tilstand som kjem av fleire alvorlege sjukdommar. Demens gjer at hjernen ikkje fungerer slik han skal. Sjukdommen utviklar seg gradvis og blir verre med tida. Det er mest vanleg å få demens når ein er gammal.

Mange forandrar åtferd når dei blir sjuke. Ein som har demens kan til dømes gløyme ting som nettopp har skjedd. Hen kan bli forvirra eller gå seg vill fordi hen har gløymt vegen heim. Ein som har demens kan også ha problem med å forstå kva dag det er eller kva klokka er. Det er vanleg å ikkje klare å kle på seg sjølv, lage mat eller snakke normalt.

Årsaker

Alzheimers sykdom
Alzheimers sjukdom er den vanlegaste årsaka til demens. Alzheimers gjer at hjernen gradvis blir mindre.
Biletet syner ein to halve hjernar. Den til venstre er frisk. Den til høgre er ein hjerne med Alzheimers sykdom som har vart lenge. Ein kan tydeleg sjå at hjernen er skrumpa saman så han er blitt mykje mindre.
Av .
Lisens: CC BY NC 2.0

Forskjellige sjukdommar og skadar i hjernen kan føre til demens.

Alzheimers sjukdom er den vanlegaste årsaka. Meir enn halvparten av alle som får demens, har Alzheimers sjukdom. Alzheimers sjukdom gjer at hjernen gradvis blir mindre. Det finst også andre, liknande sjukdommar som bryt ned vevet i hjernen og fører til demens.

Slag eller mange tette blodårar i hjernen gjer at oksygenet ikkje kjem fram. Dette er ei vanleg årsak til demens hos eldre menneske. Høgt blodtrykk og diabetes kan auke faren for å få denne typen demens.

Faren for å få demens aukar med alderen. Det er vanlegvis folk over 65 år som får demens. Eldre pasientar kan til dømes ha Alzheimers sjukdom og tette blodårar samtidig.

Også yngre menneske kan få demens av skadar i hjernen. Slike skadar kan til dømes komme av kreft, blødingar eller virus. Nokre yngre menneske får demens etter å ha drukke for mykje alkohol over lang tid.

Stadier

Det er tre stadier av demens: Lett, moderat og alvorleg demens. Folk med moderat og alvorleg demens treng støtte og hjelp. Mange må bu på sjukeheim fordi dei ikkje kan klare seg sjølv lenger.

Behandling

Det finst ikkje medisinar som kan gjere pasientane friske.

Nokre få medisinar kan hjelpe pasientar med Alzheimer med å ha det betre i kvardagen. Til dømes finst det medisinar som hjelper nervecellene i hjernen til å sende signal til kvarandre. Då klarer pasientane å tenkje klarare eller huske meir.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo