Seks tegninger viser en penis gå fra slapp til erigert tilstand. Først henger penis slapt ned, og etter hvert blir den tykkere og lengre. Forhuden trekkes gradvis tilbake. I det siste bildet er penis stiv og peker diagonalt oppover.

Penis svulmer opp og blir gradvis stivere ved ereksjon.

Ereksjon
Av /Store norske leksikon.

Ereksjon er når penis eller klitoris svulmar opp og blir stiv. Det skjer når personen blir kåt, men kan også skje utan nokon spesiell grunn. Ereksjonen går over igjen av seg sjølv etter ei stund eller etter ein orgasme.

Ereksjonen skjer fordi organet blir fylt av blod og fordi musklane trekkjer seg saman. Både kvinner og menn har ofte ereksjonar, både om dagen og om natta. Dette skjer heilt frå folk er små og heile livet. Det er vanleg å ha ereksjon 5–6 gonger kvar natt og når ein vaknar.

Penis

Penis heng vanlegvis slapt ned. Ein stiv penis kan også kallast ein erigert penis. Ein stiv penis kan peike oppover, nedover, rett fram eller til sida. Nokre stive penisar er rette, andre får ein bøy når dei er stive. Dette er ulikt frå person til person.

Ereksjon kan bety at ein gut eller mann er kåt, men ikkje alltid. Ein kan få ereksjon utan å ha lyst til å ha sex. Det hender også at penisen ikkje blir stiv, sjølv når ein har lyst på sex. Samstundes må penis bli stiv for at ein skal kunne ha samleie eller onanere.

Klitoris

Klitoris blir erigert på ein liknande måte som penis. Penis sprutar ut sæd ved orgasme, det gjer ikkje klitoris.

Sidan det meste av klitoris ligg inni kroppen, synest det ikkje så godt når den er erigert.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Marius Johansen
Universitetet i Oslo