Algebra er ein del av matematikken som handlar om likningar og rekning med tal og bokstavar.

Likning

I ei likning skal ein finne ein ukjend storleik. Den ukjende storleiken blir vanlegvis skriven som x.

Døme på ei likning: x + 2 = 7. Her er x lik 5 fordi 5 + 2 = 7.

I mange likningar må ein regne meir for å finne svaret. Det å bestemme verdien av ein ukjend storleik, kallast å løyse likninga.

I nokre likningar kan ein også ha fleire ukjende storleikar som ein skal finne. Det er vanleg å bruke bokstavane x, y og z om dei.

Bokstavrekning

I matematiske formlar blir det brukt både bokstavar og tal. Ein bokstav kan stå for kva tal som helst, og formelen er sann uansett kva tal ein set inn.

Ein kan rekne med bokstavar som om dei var tal. Til dømes er a + a = 2a

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Aambø
Stipendiat i matematikk, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet