Veggen på hovudkontoret til Telenor, der det står Telenor Group.
Telenor er et stort, norsk allmennaksjeselskap. De sel mellom anna abonnement til telefonar og internett. Den norske staten eig meir enn halvparten av aksjane i Telenor.
Foto
Av /NTB.

Aksjeselskap er ein måte å organisere og eige ei bedrift på. Ein aksje er ein liten bit av bedriften. Selskap er eit ord som kan bety omtrent det same som bedrift.

Dei som eig ein eller fleire aksjar i eit selskap, eig ein bit av aksjeselskapet. Eigarane blir kalla aksjonærar. Aksjeselskap blir forkorta AS, og det står ofte i namnet til ei bedrift at det er eit AS.

I Noreg er det veldig vanleg at bedrifter er aksjeselskap. Det er mange fordelar med å at ei bedrift er eit aksjeselskap. Ein viktig fordel er at tilsette har rett til lønn og sjukepengar. Ein annan er at aksjonærane slepp å betale gjelda til eit aksjeselskap av eigne pengar, dersom det går konkurs.

Å starte eit aksjeselskap

Dei som startar eit aksjeselskap må avgjere kor mange aksjar selskapet skal delast opp i og kor mykje ein aksje skal koste. Alle aksjane må ha same pris.

Så må dei selje aksjane, slik at det kjem inn pengar i selskapet. Pengane ein får for å selje aksjane, heiter aksjekapital. I Noreg må eit nytt aksjeselskap ha minst 30 000 kroner i aksjekapital.

Aksjane i eit selskap kan eigast av ein person åleine, eller av fleire personar. Dei som har mange aksjar i selskapet, eig meir av selskapet enn dei som eig færre aksjar.

Ein fordel med aksjeselskap er at det er lett å kjøpe og selje delar av bedrift. Det er òg mogleg for nye eigarar å kjøpe seg inn i selskapet, utan at dei må kjøpe heile bedrifta. Personar som kjøper seg inn i aksjeselskap, kan òg kallast investorar.

Tilsette og rettane deira

Eit aksjeselskap kan tilsetje folk. Aksjeselskapet må då betale lønn, og dei tilsette har rett på mellom anna sjukepengar og dagpengar dersom dei treng det. Eigarane av eit aksjeselskap kan òg sjølv vere tilsett og dei same rettane. Slik er det ikkje dersom ein driv enkeltpersonføretak som ein eig sjølv.

Generalforsamling

Mange personar sit på rekke i eit auditorium. To rekk opp handa for å stemme.
Alle aksjeselskap og allmennaksjeselskap skal halde generalforsamlinger minst éin gong i året. Då møtast alle som eig aksjer i selskapet og får vere med på å bestemme. Biletet syner ei generalforsamling i banken DNB ASA.
Foto frå generalforsamling i DNB
Av /NTB.

Alle aksjeselskap skal halde ei generalforsamling éin gong i året. Det er det viktigaste møtet i selskapet. Dei viktigaste vala for aksjeselskapet blir tekne opp på generalforsamlinga. Alle aksjonærar kan delta på generalforsamlinga og kan stemme i saker som blir tekne opp.

Generalforsamlinga vel eit styre til aksjeselskapet. Det må vere minst éin person i styret. Styret er ansvarleg for å drive aksjeselskapet. Styret kan velje å tilsetje ein dagleg leiar eller direktør. I mange aksjeselskap er eigaren sjølv dagleg leiar og sit i styret.

Aksjeutbytte

Når eit aksjeselskap tener nok pengar, er det vanleg at selskapet betaler ut pengar til eigarane. Det heiter aksjeutbytte. Generalforsamlinga avgjer om selskapet skal gi aksjonærane utbytte og kor mykje dei skal få per aksje.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Henry Langseth
Universitetsbibliotekar og fagreferent, Universitetet i Bergen