Teikning frå eit manuskript
Yggrdrasil og nokre av dyra som bur i det.
Teikning frå eit manuskript
Av .

Yggdrasil er det store verdstreet i den norrøne mytologien. Treet er av typen ask.

Yggdrasil veks i Åsgard, der gudane bur. Jorda er rund og flat, og Åsgard ligg i midten. Treet er alltid grønt, og greinene strekkjer seg over heile verda.

Røtene til Yggdrasil

Yggdrasil har tre røter:

Den eine går til Åsgard, der gudane bur. Gudane heiter æser. Under denne rota er det ein brønn som heiter Urds brønn. Der bur det tre nornar. Nornane er skjebnegudinner. Dei veit korleis liva til menneska skal bli. Nornane steller treet og auser vatn frå brønnen over rota.

Den andre rota går til Utgard. Der bur jotnane, som er fiendane til gudane. Ved denne rota ligg Mimes brønn. Den som drikk av denne brønnen, blir klok. Ein gong ofra Odin det eine auget sitt for å drikke av Mimes brønn.

Den tredje rota går djupt ned i dødsriket, der menneska kjem når dei døyr. Den djupaste staden heiter Nivlheim. Her ligg brønnen Hvergelme. Mange ormar held til ved denne rota. Den største av dei heiter Nidhogg og liknar på ein drake. Ormane gneg på rota og vil øydeleggje verdstreet.

Dyra i Yggdrasil

I Yggdrasil bur det mange dyr:

  • I toppen er det fire hjortar. Dei et opp blad og friske skot.
  • Mellom greinene i toppen sit det ei ørn som veit alt.
  • Mellom auga på ørna er det ein hauk.
  • Ekornet Ratatosk spring opp og ned langs stammen. Det spreier sladdar og nyhende.

Det dryper dogg frå blada til Yggdrasil. Biene lever av denne dogga.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Marie Næss
Universitetet i Oslo