Skjermdump av TV-program.

Denne TV-guiden viser kva program som blir sende når på dagen på nokre ulike TV-kanalar. Guiden viser TV-program som går på lineær-TV.

Skjermdump av TV-program.
Av .

Eit TV-program er noko som blir sendt på ein TV-kanal. Det kan sendast via radiobølger, satellitt, kabel eller over internett. TV sendt på internett blir det kalla strøyming.

Ulike typar

Det finst mange ulike TV-program. Det kan være:

Program kan bli laga spesielt for barn, ungdom eller vaksne. Nokre program blir laga for at barn og vaksne kan sjå dei saman.

Dei fleste TV-kanalar viser mange ulike program. Nokre TV-kanalar sender berre éin type program. NRK Super er ein TV-kanal som berre sender program for barn.

TV 2 Nyheitskanalen er ein TV-kanal med berre nyheiter. Nokre TV-kanalar sender berre sport.

Lineær-TV og strøyming

TV-program som blir sende på tradisjonelle TV-kanalar kallast lineær-TV. Då er det TV-kanalen som bestemmer kva TV-program som skal sendast. Dei bestemmer også når det skal sendast. Før digital TV var det berre mogleg med lineær-TV, slik at alle program blei sende på same tidspunkt til alle som ville sjå på programmet. Med digital TV og strøyming kan ein sjølv velje kva program ein vil sjå og når.

I Noreg er det mest NRK, TV 2, TVNorge og TV3 som har lineær-TV. NRK TV, TV 2 Play og Netflix er døme på TV-kanalar der innhaldet blir strøymt. Då kan ein sjølv velje når ein vil sjå programmet.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Maasø
Førsteamanuensis, Universitetet i Oslo