Måleri
Idunn og skrinet med epla.
Måleri
Av .

Idunn er ei av gudinnene i norrøn mytologi. Desse gudinnene blir kalla åsynjer. Idunn passar på eit skrin med gulleple. Alle gudane er avhengig av desse epla for å halde seg unge og leve evig. Idunn er vakker, og ho er gudinne for fruktbarheit.

Familien til Idunn

Idunn er gift med guden Brage. Han er klok, og han er den beste diktaren. Dei har fleire barn saman.

Idunn blir bortført

Jotnane er dei verste fiendane til gudane. Ein dag tek den mektige jotunen Tjatse guden Loke til fange. For å sleppe Loke fri, vil han ha Idunn og epla. Loke klarer å lure med seg Idunn til Tjatse.

Det er ein katastrofe for gudane at Idunn og epla er borte. Utan epla blir dei gamle og døyr. Gudane skjønner at dette er Lokes skuld. Dei truar med å drepe han viss ikkje Idunn og epla kjem tilbake.

Loke forvandlar seg til ein falk og flyg til Tjatse. Tjatse er ikkje heime, og Loke finn Idunn. Han forvandlar henne til ei nøtt. Så tek han henne i klørne og flyg mot Åsgard der gudane bur. Tjatse kjem heim og ser kva som skjer. Han skaper seg om til ei ørn og flyg etter Loke så fort han kan.

Når dei kjem til Åsgard, har gudane gjort klar eit bål. Dei tenner på bålet rett etter at Loke og Idunn har komme trygt forbi. Fjørene til Tjatse tek fyr og han fell i bakken. Der blir han drepen av gudane.

Tjatse har ei dotter som heiter Skade. Ho forlanger erstatning av gudane fordi dei har drepe far hennar. Litt av erstatninga er at Odin set auga til Tjatse på himmelen som to stjerner.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Marie Næss
Universitetet i Oslo