Stemmeband

Stemmebanda er to band som ligg mot kvarandre. Dei ligg inni eit røyr som heiter strupehovudet. Stemmebanda kan lage ulike typar lyd. Teikninga til venstre viser korleis strupen ser ut frå sida med stemmebanda i midten. Til høgre er det teikningar av ulike måtar ein kan bruke stemmebanda på.

Av /NTB Scanpix ※.

Stemmeskifte er at stemma endrar seg i puberteten. Då får folk mørkare stemme. Både jenter og gutar går gjennom stemmeskiftet, men det er tydelegast hos gutar. Kor mykje mørkare stemma blir, varierer frå person til person.

Slik blir stemma laga

Nede i halsen, over luftrøyret, ligg stemmebanda. Stemmebanda er to band som ligg mot kvarandre. Dei ligg inni eit røyr som heiter strupehovudet.

Når menneske snakkar og lagar lyd, blir luft pressa frå lungene opp luftrøyret og mellom stemmebanda. Lufta får stemmebanda til å vibrere, altså riste. Vibrasjonane blir til lyd. Ved å justere kor stramme stemmebanda er, kan ein variere tone. Folk bruker dette heile tida. Det er sånn folk klarer å snakke og syngje med ulike tonar, det vil seie at stemma kan være lys eller mørk.

Stemmebanda blir styrte av musklar. Det er musklane som avgjer kor stramme eller slakke stemmebanda er. Ved å trene stemma kan ein få til lysare og mørkare tonar. Ein kan trene stemma ved å snakke og syngje, til dømes i eit kor.

Stemmebanda i puberteten

I puberteten veks mykje av kroppen fort. Stemmebanda veks mykje på kort tid og blir lengre og tjukkare. Stemmebanda veks på både jenter og gutar, men mest hos gutar. Det er fordi hormonet testosteron styrer veksten. Gutar har mest testosteron.

Dette kan ein sjå på utsida av halsen hos gutar og menn etter puberteten. Omtrent midt på halsen kan ein sjå ein kul som står litt ut og bevegar seg når ein svelgjer. Denne kulen er strupehovudet. Synleg strupehovud blir også kalla adamseple. Kor stort adamseplet blir, varierer frå gut til gut.

Mistar kontroll over stemma

Stemmebanda endrar seg fort i puberteten. Det kan ta tid for hjernen å venne seg til endringane. Derfor vil nokon oppleve at dei mistar kontroll over stemma. Då kan ein merke at ein plutseleg hoppar frå å snakke med mørke tonar til veldig lyse tonar. Dette skjer særleg viss ein er ivrig, eller snakkar fort. Når stemmebanda har vakse ferdig, forsvinn dette.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege