Hvis det står om liv og helse, ring 113
Ring nærmeste legevakt på 116 117

Mental Helse Hjelpetelefonen
Telefon: 116 123 (hele døgnet)
Chat: Sidetmedord.no 

Alarmtelefonen for barn og unge
Telefon: 116 111 (hele døgnet)
Chat: 116111.no

Røde Kors: Kors på halsen
For alle under 18 år
Telefon: 800 33 321
Chat: korspahalsen.no

Kirkens SOS
Telefon: 224 00 040 (hele døgnet)

Vold og overgrepslinjen
Telefon: 116 006

Selektiv mutisme er når barn og unge ikkje greier å snakke i bestemde situasjonar, sjølv om dei kan snakke. Personar med selektiv mutisme kan prate til vanleg, og forstår når andre personar snakkar. Dei kan for eksempel vere heilt stille på skulen, men prate mykje når dei er heime.

Selektiv mutisme heng saman med angst. Ein skal ikkje prøve å tvinge personar med selektiv mutisme til å prate.

Selektiv mutisme er ein type mutisme. Personar som har mutisme forstår når andre snakkar, men snakkar ikkje sjølv. Selektiv mutisme betyr at det er i spesielle typar situasjonar at personen ikkje greier å prate.

Under éin prosent av barn har selektiv mutisme.

Årsaker

Fotografi av et klasserom med undervisning

Ein med selektiv mutisme greier ikkje å snakke i nokre situasjonar. For eksempel synest mange det er for vanskeleg å snakke i klasserommet på skulen.

Fotografi av et klasserom med undervisning
Av /NTB.

Årsaka til at nokon får selektiv mutisme er ikkje kjend.

Ulike former for angst heng ofte saman med selektiv mutisme. Angst er ei følelse av uro inne i kroppen. Når ein har angst, kjenner ein seg utrygg og redd.

Selektiv mutisme kan òg henge saman med utfordringar med tale og språk. Tale er dei lydane ein lagar med munnen når ein snakkar. Nokre personar strever med å lage riktige lydar. Utfordringar med språk kan vere at ein ikkje forstår ord og uttrykk.

Nokre med selektiv mutisme har autisme i tillegg. Autisme er noko ein er fødd med, men det er er ikkje ei årsak til selektiv musitme.

Behandling

Fordi selektiv mutisme heng saman med angst, er det viktig at ein ikkje pressar nokon med selektiv mutisme til å snakke. Å prøve å tvinge nokon til å prate kan gjere at situasjonen blir verre.

Noko som kan hjelpe, er å fokusere på å finne aktivitetar som personen likar. Når ein driv med fine aktivitetar og kjenner seg trygg, er det lettare å bli trygg nok til å prate.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jan Ivar Røssberg
Professor i psykiatri, Universitetet i Oslo