Foto av flere like matter på et gulv i en treningssal

Mattene som brukes i pilates er av samme type som de som brukes i yoga.

Matter til yoga eller pilates
Av /Shutterstock.

Pilates er ei form for trening som vanlegvis blir gjord inne i ei sal. Ein gjer ulike øvingar sitjande, liggjande eller ståande på kne. Pilates kan mellom anna bidra til å gjere kroppen sterkare og mjukare.

Det er særleg magen, ryggen og bekkenet ein styrkar med pilates. Desse delene blir til saman kalla kjernemuskulaturen i kroppen.

Ein gjer øvingane i pilates langsamt og kontrollert. Fleire av øvingane kan minne om dei ein gjer i yoga.

Utstyr

Dei fleste gjer pilates på ei matte som ofte er laga av gummi. Matta er sklisikker og bidreg til å gi stabilitet under øvingane.

I nokre av øvingar bruker ein òg store ballar eller spesiallaga apparat.

Det finst mange ulike stader ein kan lære pilates, men mange driv òg med pilates på eigenhand. Mange bruker òg pilates som trening for andre idrettar.

Historie

Pilates blei grunnlagt av tyskaren Joseph Pilates på byrjinga av 1900-talet. Dei siste tiåra har Pilates blitt veldig populært både internasjonalt og i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby