En hvit bolle med spaghetti med tomatsaus. Over bollen holder holder noen en gaffel med spaghetti snurret rundt, og saus og kjøttbiter i enden. Foto

Pasta med saus av tomat og kjøtt, også kalt spagetti bolognese, er en vanlig middagsrett i Norge.

Fotografi
Av /Shutterstock.

Pasta er ei matvare laga av mjøl, egg og litt salt. Det er vanleg å servere pasta varm til middag, eller bruke han kald i ein salat. Tørka pasta må koke i 8 til 10 minutt før han kan etast.

For å lage pasta blandar ein mjøl, egg og litt salt til ein fast deig. Om ein vil, kan ein bruke vatn i staden for egg. Så kjevlar ein deigen tynn, før ein kuttar han i strimlar. Deigen kan også formast til skruar eller andre figurar. Ein må kutte mens deigen er mjuk, for det tek ikkje lang tid før han tørkar og blir hard.

Typar

Det finst over 350 typar pasta, som har ulik form:

  • strimlar (spagetti og tagliatelle)
  • røyr (penne og makaroni)
  • plater (lasagne)
  • fylt pasta (tortellini og ravioli)
  • pasta forma som skruar, sløyfer og andre figurar

Fordi nesten all pasta inneheld dei same tinga, smaker han heilt likt, dersom ein ikkje har saus eller krydder på.

Det vanlegaste mjølet til pasta er laga av durumkveite. Dersom ein vil lage sunnare pasta, har ein i litt grovt mjøl i deigen. Då heiter det fullkornpasta eller integrale.

Som regel er pastaen lysegul, men ein kan òg få pasta i andre fargar:

  • Raud pasta inneheld tomat.
  • Grønn pasta inneheld spinat.
  • Svart pasta inneheld blekk frå blekksprut.

Bruk

Restaurant-interiør med små bord med rutete duker. I enden av lokalet er en disk med en gammeldags vekt og krukker og fat. I hjørnet en hylle med flasker. Over disken henger stråfletter med hvitløk. Foto

Restauranter som serverer pasta og annen italiensk mat ligner ofte på denne typen restauranter i Italia.

Fotografi
Av /Shutterstock.

Mange liker pasta fordi han ikkje smaker så sterkt, og fordi han er lett å tyggje.

Mange liker å rive parmesan-ost på pastaen, og nokon liker å ha ketsjup på. I USA har dei ein populær pastarett som heiter macaroni and cheese. I Noreg er det vanleg med makaroni i fiskegrateng.

Historie

I Italia har dei laga pasta i over tusen år, og kvart område har sine eigne oppskrifter.

Dei mest kjende pastarettane er:

  • spagetti bolognese (spagetti med kjøttsaus), frå området Emilia-Romagna i Nord-Italia
  • lasagne
  • pasta carbonara

Det var først på 1800- og 1900-talet at pasta frå Italia blei kjend i resten av verda. På denne tida flytta fleire millionar italienarar til andre land. Mange lengta heim og sakna maten i Italia. Dei starta derfor italienske restaurantar i dei nye heimlanda sine. På den måten vart italiensk mat som pasta og pizza kjend over heile verda.

Les mer i Lille norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen