Foto av armene og overkroppen til ein person i bunad med ei pølse med lompe i den eine handa, som strekk seg mot ein sennep med den andre.
Pølse med lompe eller brød er vanlig å spise på festdager i Norge. Her fra 17. mai-feiring. Jenta i bunad skal ha både ketchup og sennep på sin pølse i lompe.
/NTB.

Pølser er ein type mat som blir laga av kverna kjøtt. Det er populær mat over heile verda. I Noreg er det vanleg med wienerpølse og grillpølse, som blir eten i lompe eller pølsebrød. Nokre typar pølser blir brukte som pålegg, som salami og servelat.

Typar

Dei fleste pølser blir etne varme, anten ved at ein steikjer, grillar eller koker dei. Andre pølser skal etast kalde, for eksempel servelat, salami og spekepølse.

Pølser smaker ulikt etter kva som er i dei, og korleis ein har laga dei. Ein kan for eksempel:

  • Bruke kjøtt frå ulike dyr
  • Gi pølsene røyksmak
  • Lage pølser med ekstra mykje kjøtt
  • Bruke ulike typar krydder
  • Ha ostebitar og chili inni pølsa
  • Lage pølser med mindre feitt

Kjøttet ein bruker i pølser er det ein ikkje får selt i butikken. Det er ikkje noko gale med kjøttet, men det kan vere små bitar som ikkje ser like fine ut som biff, kotelett eller steik. Innmat, som hjarte, lever og nyrer, blir brukt i spekepølser. Når ein bruker alt kjøttet frå eit dyr, blir pølser eit berekraftig produkt.

Å lage pølser

Pølser blir laga ved å blande kverna kjøtt med salt, krydder, feitt, mjølk og mjøl. Når alt er blanda saman til ein deig, blir han stappa i eit pølseskinn.

Det er vanlegast å bruke svinekjøtt og oksekjøtt, men det finst også pølser med kjøtt frå for eksempel kylling eller and. Kjøttet i pølser er ofte salta og røykt. Det finst pølser utan svinekjøtt for dei som vil at maten skal vere halal. Vegetarpølser blir for eksempel laga av protein frå soyabønner.

Pølseskinnet er ofte tarm frå gris eller sau. Tarmen er vaska grundig og er heilt rein. På nokre pølser, som grillpølser, er skinnet laga av ein tynn slags plast som er etande.

Pølser i Noreg

I Noreg er det grillpølse og wienerpølse som er mest populært. Folk i Noreg et i gjennomsnitt 100 pølser kvar i året.

Pølser blir ofte serverte i bursdagar for barn og på 17. mai. Det er også mange som kjøper pølse på kiosk eller bensinstasjon.

Det vanlegaste er å servere pølsene i lompe eller pølsebrød, og ha på ketchup og sennep. I Moss i Østfold serverer dei pølse i vaffel.

Mange har også kokt eller steikt pølse til middag. Då er det vanleg å ha det saman med potetstappe.

På julaftan er det mange som serverer spesielle pølser. Til ribbe er det vanleg å ha julepølse, og til pinnekjøtt har ein vossakorv.

Pølser i andre land

Dei fleste land har eigne tradisjonar for pølse. Sverige har falukorv. Danmark har raud wienerpølse. Tyskland har Bratwurst. Italia har pepperoni.

Helseråd

Helsedirektoratet gir råd om helse til alle som bur i Noreg. Dei seier at ein ikkje bør ete for mykje feitt og tilarbeidd kjøtt. Pølser er eit eksempel på tilarbeidd kjøtt. Pølser inneheld også mykje feitt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Steffensen