Moteord er ord som i ein periode blir brukt mykje. Det er ofte fordi ordet seier noko om ting som er aktuelt i samfunnet. Moteord blir gjerne spreidd i massemedia.

Moteordet treng ikkje vere noko som er populært berre blant barn og unge. Det kan vere politikarar, mediefolk og leiarar som bruker moteorda mest.

Moteordet kan vere eit ord som har eksistert lenge, men som plutseleg blir mykje brukt. Etter ei stund sluttar ein kanskje å bruke det igjen. Eit eksempel er ordet brakkesjuke, som mange brukte under koronaen.

Robust har vore eit moteord blant politikarar. Politikarar har svart på alle slags spørsmål at løysinga må vere robust. Til slutt har dei brukt moteordet robust på så mange ulike måtar at ordet har mista si kraft, eller betydning, og blitt ein klisjé. Ord som fokus og dialog har også vore moteord.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo