En marmorvegg med ordet metre hugget inn.

Kopi av den «førebelse» meteren frå 1795. Den heng på ein husvegg i Paris i Frankrike.

Foto av metermål.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Meter er eit mål for lengd. Forkortinga for meter er m. Éin meter er 100 centimeter (cm).

Bruk

Meter er ei måleining som blir brukt i nesten heile verda. Den er utgangspunktet for dei fleste mål på lengd. I vitskap bruker ein berre mål som er baserte på meter.

Nokre land bruker også engelske og amerikanske mål, til dømes tommar (inch). Ein tomme er lik 2,54 cm.

Historie

Meteren blei først brukt i Frankrike i 1795. Fram til då hadde det vore kaos, fordi ulike land ikkje var samde om korleis lengd skulle målast. Måla kunne vere ganske ulike, og det førte til mange praktiske problem.

I Frankrike laga dei ein stav av metall som var nøyaktig éin meter lang. Denne staven blei ein standard. Alle som skulle bruke meter, måtte bruke denne standarden.

I 1885 blei det bestemt at meteren skulle vere eit internasjonalt mål. Det blei laga ein ny og endå meir nøyaktig standard. Standarden for meter blei lagra i Paris. Mange land hadde sin eigen kopi, men nokre av dei var bittelitt lengre eller kortare. Derfor var dei mindre nøyaktige.

I 1983 blei det bestemt at éin meter er den lengda lyset bevegar seg i eit tomt rom i løpet av eit 299 792 458-dels sekund.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Aambø
Stipendiat i matematikk, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet