Sonja Henie i 1924
Sonja Henie deltar under OL i Chamonix, elleve år gammel.
Av /gallica.bnf.fr / Bibliothèque nationale de France.

Kunstløp er ein idrett på ein islagd bane. Deltakarane går på skøyter til musikk og har planlagde rørsler.

Konkurransane går som oftast føre seg innandørs på ein ishockeybane. I konkurransane går kunstløparane til musikk dei får velje sjølv. Dommarar gir poeng for kor bra dei gjer det.

Det blir arrangert konkurransar for enkeltpersonar og for par. I tillegg kan ein konkurrere i isdans og i formasjonsdans for lag.

Skøytene til kunstløp har eit bua skøytejern som endar i nokre piggar foran.

Ein som driv med kunstløp blir kalla kunstløpar. Den mest kjende kunstløparen frå Noreg er Sonja Henie. Ho vann tre OL og ti VM på rad mellom 1927 og 1936.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby