Nærbilde av nålepute med sikringsnålar og knappenålar festa i. Foto

Ei nålepute med forskjellige broderi-teknikkar.

/NTB.

Kunst og handverk er eit praktisk skolefag. I faget lærer elevane om ulike formar for kunst, og å lage eigne kunstverk. I tillegg lærer dei handverk, som betyr å lage noko med hendene.

Kunst og handverk lar elevane vere kreative. Elevane lærer handverk med lange tradisjonar, som duodji (samisk handverk), eller arbeid i leire. Dei prøver også nye teknikkar, som digital teikning og 3D-printing.

Det ein lærer i kunst og handverk kan elevene seinare bruke i eit yrke eller ein hobby.

Materiale, reiskap og teknikk

Skulane har eigne rom der elevane får undervisning i kunst og handverk. I romma er det for eksempel sløydbenkar, symaskinar eller omnar til å brenne leire i.

Elevane lagar ulike ting ved å bruke forskjellige materiale, reiskapar og teknikkar. Dei kan for eksempel strikke sokkar, reparere klede eller lage ein kopp i leire.

Andre materiale kan vere garn, papir eller tre. Reiskapar kan vere nål, kamera eller sag. Teknikkar kan vere strikking, spikking eller teikning.

Nokre teknikkar som sying, redesign og stopping er nyttige for gjenbruk og berekraft.

Historie

Kunst og handverk har vore eit skolefag sidan slutten av 1800-talet. Før kunst og handverk blei eit fag i skolen, lærte barn handarbeid og snikring heime. Det var viktig å vite korleis ein reparerte ting eller laga ting sjølv fordi det var dyrt å kjøpe nytt. Ofte var det langt til nærmaste butikk.

På slutten av 1800-talet bestemte dei som styrte landet at å sy, strikke, veve og snikre var så nyttig at alle barn i Noreg måtte lære det. Teikning, handarbeid og sløyd blei fag i skolen.

Sjølv om alle barn måtte lære å reparere og lage ting på skolen, blei det bestemt at ikkje alle skulle lære alt. Jenter skulle ikkje å lære å snikre på skulen, og gutar skulle ikkje lære å strikke. Både jenter og gutar hadde teikning som fag på skolen. Men når jentene hadde undervisning i handarbeid, fekk gutane undervisning i sløyd.

I 1960 blei det bestemt at gutar og jenter skulle lære det same. Dei tre faga teikning, handarbeid og sløyd blei til eitt fag. Dette faget blei kalla forming. I Sverige, Danmark og Finland er faga framleis delte.

I 1997 endra faget namn frå forming til kunst og handverk. Sjølv om faget har endra namn gjennom historia, er noko av innhaldet i undervisninga det same.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Barbro Storlien