Ein person lagar ei krukke på ei dreieskive. Henda er dekte av våt leire. Foto
Folk som lager kunsthandverk i leire blir kalla keramikarar.
/Shutterstock.

Kunsthandverk er kunst som er laga av ein kunsthandverkar. Handverk betyr å lage noko med hendene.

Materiala i kunsthandverk er ofte:

  • tekstil
  • keramikk
  • glas
  • tre
  • lær
  • metall

Eit kunsthandverk er handlaga og derfor unikt. Det er ikkje laga månge av dei på ein fabrikk.

Kunsthandverkar

Ein kunsthandverkar kan eit handverk. Ein keramikar er eit eksempel på ein kunsthandverkar.

Først har kunsthandverkaren ein idé, som å lage ein skulptur. For å lage skulpturen treng hen ein verkstad med utstyr til å lage skulpturen. Ein keramikar treng leire, nokre verkty og ein omn til å brenne keramikken i.

Når skulpturen er ferdig, viser kunsthandverkaren fram kunsten på ei utstilling eller i eit museum. Kunsthandverkaren kan også selje kunsten til personar som ønsker å syne han fram på ein arbeidsplass eller heim.

Andre eksempel på kunsthandverkarar er tekstilkunstnarar, glasblåsarar og gullsmedar.

For å bli kunsthandverkar kan ein velje handverk, design og produktutvikling på vidaregåande. Etterpå kan ein være lærling. Ein kan også bli kunsthandverkar ved å studere på kunsthøgskole.

Historie

Handverkar er eit gammalt yrke. På 1500-talet i Italia begynte nokon handverkarar å kalle seg kunstnarar. Handverkar og kunstnar blei derfor sett på som to ulike yrke.

På 1970-talet meinte mange at kunstnar og handverkar kunne vere same yrke: kunsthandverkar. Den største forskjellen mellom dei to yrka var at kunsthandverkaren hadde utdanning som handverkar.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • kunst
  • kunst og handverk

Faktasjekk av

Barbro Storlien