En metallgryte hvor det kommer røyk opp.

Vatn koker ved 100 grader og blir til damp.

Foto av vanndamp.
Av /Shutterstock.

Kokepunkt er den temperaturen noko må ha for å koke. Når noko koker, går det over frå å vere flytande til å bli ein gass. Til dømes: Når vatn koker, blir det til vassdamp.

Kokepunkt kan bli målt i grader, eller celsius. Det blir ofte forkorta til °C.

Nokre døme på kokepunkt:

  • Kokepunktet til reint vatn er 100 °C
  • Kokepunktet til havvatn er 104 °C
  • Kokepunktet til alkohol er 78,5 °C
  • Kokepunktet til kvikksølv er 35606 °C
  • Kokepunktet til jern er 2880 °C
  • Kokepunktet til gull er 2807 °C

Kokepunktet endrar seg viss lufttrykket endrar seg. Viss lufttrykket søkk, blir kokepunktet for vatn lågare. Dei temperaturane som står i oversikta over kokepunkt, gjeld når det er vanleg trykk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jacob Linder
Professor, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet