Fotografi

Grader kan visast med eit termometer. Dette termometeret viser frå minus 10 grader til pluss 50 grader. Det kan også skrives på denne måten: frå -10 °C til + 50 °C

Fotografi

Celsius er ein type grader som ein måler temperatur med. Ein seier til dømes at temperaturen ute er 25 grader celsius. Til vanleg seier ein berre at det er 25 grader. Forkortinga til celcius er C.

Teiknet for grader er °. Ein kan skrive temperaturen som 25 °C eller berre 25°.

Celsius-skalaen er laget sånn at 0 °C er den temperaturen der vatn frys til is, og 100 °C er temperaturen der vatn koker. Kroppen til menneske har vanlegvis ein temperatur på omtrent 37 °C.

Ein målar temperatur med eit termometer.

Andre skalaer

Det finst andre skalaer ein måler temperatur med:

I nokre land bruker dei farhrenheit-skalaen. 0 grader celsius er det same som 32 grader fahrenheit. Det kan ein skrive som 0 °C = 32 °F.

I avansert fysikk bruker ein ein skala som heiter kelvin. 0 grader Celsius er det same som 273,15 kelvinar. Kelvin-skalaen er laga sånn at 0 kelvinar er den aller kaldaste temperaturen som går an.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jacob Linder
Professor, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet