Hjelpespråk er fleire ulike ting. Eit hjelpespråk kan vere eit språk som blir brukt når dei som snakkar ikkje har eit felles språk. For eksempel når folk frå Noreg og Frankrike snakkar engelsk saman, eller når russiske og norske folk laga det blanda språket russenorsk for å kunne snakke saman.

Språk som er blanding mellom to andre språk blir ofte kalla pidgin. Mange pidginspråk oppstod i møtet mellom europearar og ikkje-europearar i samband med handel og kolonisering.

Konstruerte språk som esperanto blir også kalla hjelpespråk. Esperanto er laga for at folk som ikkje har same morsmål kan snakke saman utan å bruke andre lands språk, som til dømes engelsk.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo