Fredriksten festning i Halden
Fredriksten er ei festning i Halden i Østfold. Ho blei bygd for å forsvare Noreg mot Sverige.
Fredriksten festning
Av /NTB.

Festning er eit byggverk som er bygd for at militæret skal forsvare av ein kyst, eit landområde, eller ein by mot fiendar.

Byggverk som blir brukt til forsvar finst frå langt tilbake i historia. Som oftast har ein brukt stein. Andre ord for festning er borg, bygdeborg, fort, forsvarsverk eller bastion.

I mellomalderen bygde ein borgar med høge murar, til dømes Akershus festning i Oslo. Etter kvart endra ein måten ein bygde festningane på, fordi ein fekk kanonar som kunne øydeleggje murane.

Dei siste festningane i verda blei bygde etter første verdskrigen. Festningane var store, samanhengande byggverk som delvis låg under jorda.

I Noreg blir ikkje festningane brukt til forsvar av landet, men nokre festningar blir framleis brukte av militæret.

Les meir Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Erik Opsahl
Professor i historie, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet