Faktaboks

førstehjelp

livredning

Førstehjelp er hjelp når nokon har blitt plutseleg sjuke eller skada. Målet med førstehjelp er å halde den skada eller sjuke personen i live fram til det kjem ein ambulanse. Førstehjelp er viktig og kan redde liv.

Nødnummeret for å få tak i ambulanse er 113.

Førstehjelp blir gitt av personar som er i nærleiken til den som blir skada eller sjuk. Alle bør kunne førstehjelp, slik at dei kan hjelpe andre når det trengs.

Slik går ein fram

Frie luftvegar

For å sikre fri luftveg, løftar ein haka fram. Då passar ein på at ikkje tunga blokkerar luftvegane.

Frie luftvegar
Av /Copyright Lærdal Medical AS..
Illustrasjon av stabilt sideleie

Stabilt sideleie: Personen ligger på siden med hodet litt bakover. Slik blir det lett å puste. Den ene armen ligger bøyd slik at hånda ligger under hodet. Den andre armen rett ut forover siden, slik at personen ikke velter. Det ene beinet ligger rett. Det andre beinet er bøyd forover, for å holde balansen.

Illustrasjon av stabilt sideleie
Av /Lærdal Medical.

Slik er det vanleg å gje førstehjelp:

1. Kontroller om området er trygt. Det er viktig å gjere staden trygg, slik at ikkje fleire blir skada.

2. Ring 113. Dette er nødnummeret til ambulansen. Ambulansen gir råd om kva ein skal gjere. Ambulansen sender også varsel vidare til politi eller brannvesen om det trengs.

3. Sjekk om den skada eller sjuke personen pustar normalt. For å finne ut om personen pustar, kan ein sjå, lytte eller føle etter pust. Det kan ta ti sekund å avgjere om nokon pustar. Om personen pustar, skal ein overvake pusten og eventuelt legge personen i det som heiter stabilt sideleie.

Om personen ikkje pustar, må ein prøve å få i gang pusten igjen. Først kan ein løfte haka litt fram. Då sikrar ein at luftvegane er frie. Det gjer det vanlegvis lettare å puste igjen.

Om personen framleis ikkje pustar etter at ein har prøvd å opne luftvegen, må ein starte hjarte-lunge-redning.

4. Om den skada blør mykje, må ein prøve å stoppe blodet. Dette gjer ein ved å presse på såret. Om ein har bandasje, kan ein bruke han til å legge press.

5. Pass på at den skada eller sjuke personen ikkje blir kald. Bruk klede eller pledd til å leggje over personen.

6. Prøv å hindre meir smerte og ubehag. Om personen har sår, kan ein dekke det til. Om personen har brote noko, kan ein prøve å halde brotet roleg. Når brotet beveger seg mindre, gjer det mindre vondt. Ein kan til dømes setje ein arm i fatle eller spjelke eit bein.

Punkt 1–4 er dei aller viktigaste.

Mål

Målet med førstehjelp er å halde den skada eller sjuke personen i live.

Eit anna viktig mål med førstehjelp er å hjelpe til så den som er sjuk eller skada har mindre vondt. Ein bør òg hindre at skaden eller sjukdommen bli verre. Å trøyste og roe ned den skada eller sjuke er viktig.

For å redde liv er det også viktig å kunne kjenne igjen symptom på farleg sjukdom. Dette gjeld spesielt hjerneslag og hjarteinfarkt.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Erlend Hem
Professor, Universitetet i Oslo