Biljard er eit spel og ein sport mellom to personar. Spelet går føre seg på eit biljardbord og ein bruker ein stokk til å støyte kuler med ulike fargar. Stokken blir også kalla ein .

Eit biljardbord har vanlegvis seks hol. Spelaren bruker køen til å støyte kulene ned i eit av hola. Det finst også biljardbord utan hol.

Det blir spelt fleire ulike typar biljard. Det er egne reglar for kvar type biljard. Det er vanleg å bruke ei kvit kule som spelarane skal støyte for å treffe dei andre kulene. Den kvite kula blir av og til kalla køball.

Utstyr

Eit biljardbord er anten dekt med ull eller ei blanding av ull og nylon. Bordet er vanlegvis dobbelt så langt som det er breitt, og storleiken varierer for dei ulike typane spel.

Køen er laga av tre. Den veg omtrent ein halv kilo og er rundt 1,40 meter lang. På tuppen av køen er det eit lag av lêr.

Kulene veg frå 140 til over 200 gram. Kulene har ulik farge og storleik til ulike typar biljard.

Typar

Som sport er biljard delt inn i tre typar:

  • Pool kor ein har ei kvit kule og 15 kuler i ulike fargar med nummer frå 1 til 15. Ein får poeng ved å støyte kulene i bestemde hol i bordet. Det finst ulike typar pool. Det er den mest populære typen biljard i Noreg.
  • Snooker som har eit større bord og fleire kuler enn i pool. I pool har ein mange raude kuler og nokre i andra fargar. Spelaren får poeng ved å støyte først dei raude og deretter dei farga kulene ned i hola.
  • Carambole blir spelt med tre kuler på bord utan hol. Spelaren får poeng ved å treffe dei to andre kulene med kvite køballen.

Folk som speler biljard berre for moro, speler ofte med færre reglar enn i profesjonelle konkurransar. Biljardbord på hoteller, fritidsklubbar eller heime hjå folk er ofte mindre enn dei som blir brukt i konkurransar.

Historie

Det blei arrangert VM i biljard allereie på slutten av 1800-talet. Utover på 1900-talet blei biljard meir og meir populært i Noreg.

Norges Biljardforbund har rundt 5000 medlemmer. I tillegg speler mange tusen biljard på fritida i Noreg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Jørn Sundby