Ein ung mann med ein kvit, rett strek som er lysare enn resten av huda. Arret er 10-15 centimeter langt og er plassert midt mellom brystvortene.
Arret på biletet kjem av at kirurgar har skore opp huda og brystbeinet for å operere på hjartet.
Av /iStock.

Arr er eit merke i huda etter eit sår. Arr er laga av bindevev, og det er som regel lysare enn huda rundt.

Huda består av fleire lag. Huda kan reparere seg sjølv viss det blir ei skade eller eit sår i det øvste laget. For å verne kroppen mot smitte, blir det først danna ei skorpe av storkna blod. Så blir det laga nye hudceller under skorpa, slik at huda blir heil igjen.

Om eit sår går gjennom det øvste laget og ned til lêrhuda, blir ikkje huda heil igjen. Då blir det eit arr.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo