Faktaboks

Zelda

The Legend of Zelda

The Legend of Zelda er ein serie med dataspel frå Nintendo. Spela er av typen eventyrspel.

Ein speler ein figur som heiter Link. Han er ein av dei mest kjende figurane frå dataspel.

Det er om å gjere å kjempe mot, og vinne over, alle fiendar ein møter. Spelarane kan òg utforske verda og løyse gåter.

I tillegg til Super Mario er Link ein figur mange forbind med Nintendo.

Type spel

I spela bruker ein mykje tid på å utforske verda, løyse gåter og kjempe mot fiendar. Link bruker ting som sverd, pil og boge og magiske gjenstandar. Han utforskar mellom anna grotter, slott og landsbyar. Denne måten å spele på er typisk for eventyrspel.

Handling

Dei fleste spela i serien går føre seg i Hyrule. Det er ei verd skapt av tre gudinner. Etter at dei hadde laga Hyrule, la dei igjen kvar sin trekant. Desse trekantane er kjende som Triforce. Den som klarer å samla Triforce, vil få oppfylt alle ønska sine.

Link er ein type alv som er vanleg i Hyrule. Han har grøne klede på seg.

Zelda er prinsessa i spelet. Hennar oppgåve er å passe på éin av trekantane frå Triforce så ingen slemme får tak i han.

Ganon er den verste fienden til Link. Han er med i mange av spela. Link si viktigaste oppgåve i spela er å kjempe mot Ganon og hindre at Ganon får samla Triforce.

Serien med spel

Nøyaktig kor mange spel som finst i serien kjem an på korleis ein tel. Det finst omtrent 20 ulike titlar på spel. Men nokre av dei har vorte gitt ut på nytt etter å ha blitt fiksa litt på.

Dette er nokre av dei viktigaste titlane:

Det første spelet i serien heiter The Legend of Zelda og kom i 1986. Den gongen var spela i 2D, altså to dimensjonar. Det betyr at ein ser figurane og verda frå sida. Spelet vart veldig populært.

I 1998 kom The Legend of Zelda: Ocarina of Time til Nintendo 64. Det var det første Zelda-spelet i 3D. Mange spelarar meiner at det er det beste spelet i serien. Nokon meiner at det er eit av av dei beste spela som nokosinne er laga.

The Legend of Zelda: Breath of the Wild kom i 2017. Det som var nytt med dette spelet var at spelaren fekk moglegheit til å utforska Hyrule som ei heilt open verd. Ein treng ikkje følgje ein bestemd veg, men kan gå dit ein sjølv vil.

Betydning

Zelda-spela er blant dei største suksessane til Nintendo. Spela er til saman selde i over 100 millionar eksemplar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Kristian A. Bjørkelo
Universitetslektor, Universitetet i Bergen