Faktaboks

Maria Parr
Fødd
18. januar 1981, Fiskå i Vanylven, Møre og Romsdal
Bokomslag

Bøkene til Maria Parr er omsette til mange språk, og ho har også vunne ei rekkje internasjonale prisar. I 2023 fekk ho Brageprisen for Oskar og eg. Brageprisen er ein norsk litteraturpris som blir delt ut kvart år.

Fotografi, bokomslag
Av .

Maria Parr er ein norsk forfattar som skriv for barn. Vaffelhjarte, Tonje Glimmerdal og Keeperen og havet er dei mest kjende bøkene hennar.

Bakgrunn

Parr voks opp i Vanylven i Møre og Romsdal. Far hennar er redaktør i den lokale avisa. Parr seier sjølv at ho alltid har likt å skrive, heilt frå ho var barn. Ho studerte litteratur på Universitetet i Bergen. Når ho ikkje skriv, jobbar ho som lærar i vidaregåande skule.

Karriere

Parr var berre 24 år gammal då ho gav ut den første boka si. Det var Vaffelhjarte i 2005. Boka fekk veldig gode kritikkar og mange kalla henne «den nye Astrid Lindgren».

Vaffelhjarte handlar om Lena som flyttar til bygda «Knert-Mathilde». Trille, som alltid har budd i bygda, vil gjerne vere bestevenn med Lena. Men kva meiner eigentleg Lena? Temaet for boka er vennskap. Boka har òg blitt TV-serie og teaterstykke.

I 2009 kom romanen Tonje Glimmerdal. Den handlar også om vennskap. Her er hovudpersonen Tonje, som er den einaste ungen i bygda Glimmerdalen. Ho er bestevenn med Gunnvald på 70 år. Tonje er ein uredd unge som kastar seg ut i nye situasjonar. Denne boka har òg blitt teaterstykke.

Handlinga i Keeperen og havet er òg lagt til bygda «Knert-Mathilde». Romanen kom i 2017. Her møter lesaren Lena og Trille når dei er litt eldre. Vennskap er framleis eit viktig tema. Eit anna tema er det å finne ut kva ein liker, og kven ein eigentleg er.

Parr har skrive fleire bøker for barn. Ho har også gitt ut historier, noveller og kåseri. Ho reiser mykje rundt i Noreg og fortel om bøkene sine.

Bøker

  • Vaffelhjarte (2005)
  • Tonje Glimmerdal (2009)
  • Keeperen og havet (2017)
  • Storebror ( 2019)
  • Oskar og eg (2023)

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Morten O. Haugen