Faktaboks

Bjørn Sortland
Fødd
1. mai 1968, Bergen
Foto av bokomslag.
Bjørn Sortland har skrevetr mange barne- og ungdomsbøker. Bøkene hans er oversatt til nærmere 20 språk og har mottatt mange norske og internasjonale litteraturpriser.
Foto av bokomslag.
Av .

Bjørn Sortland er ein norsk forfattar som skriv mest for barn og ungdom. Sortland har gitt ut over 60 bøker og er mellom anna kjend for den spennande serien Kunstdetektivene. Han har også skrive bøker for vaksne.

Bakgrunn

Bjørn Sortland er fødd i Bergen og voks opp i Sortland i Bømlo kommune. Han er utdanna sosionom og gjekk på Skrivekunstakademiet i Bergen i 1990-1991.

Karriere

Sortland las mykje då han voks opp og var spesielt glad i seriar som Hardyguttene, Frøken Detektiv og Fem-serien. Han har skrive realistiske romanar, serielitteratur og biletbøker. At ein roman er realistisk betyr at den beskriv ei verd som liknar på verkelegheita.

Den første boka han gav ut var ungdomsboka Det er ikkje natta i 1992. 12 ting eg må gjere før verda går under (2001) og Alle har eit sultent hjerte (2008) er også realistiske romanar for ungdom.

Første bok i serien Kunstdetektivene heiter Venezia-mysteriet og kom i 2000. Siste bok i serien, Las Vegas-mysteriet, kom i 2016. Sortland har besøkt dei fleste stadene han skriv om i serien. Sortland har også skrive bøker til science fiction-serien Kepler62 og fotball-serien Bønna og B-laget. I 2020 kom den første boka i serien om spionen Johnny 777.

Sortland har samarbeidd med mange ulike illustratørar og kunstnarar i biletbøkene sine. Raudt, blått og litt gult (1993) var eit samarbeid med biletkunstnaren Lars Elling. Andre han har samarbeidd med er Kim Hiortøy, Hilde Kramer og Inger Lise Belsvik.

Tema

Bjørn Sortlands bøker er både morosame og alvorlege. I dei realistiske barne- og ungdomsbøkene er kjærleik, kunst og religion viktige tema. Fleire av biletbøkene handlar om kjende kunstnarar. Bokseriane byr på spennande handling og mange cliffhangrar.

Hovudpersonen i Plutseleg ville eg ikkje lage dorull-dyr lenger (2002) er ein gut som går på barneskulen. Dei andre i klassen har byrja å sende lappar om å bli kjærastar. Han bruker tida på å lage dorulldyr, sjølv om han kanskje er den einaste i klassen som er verkeleg forelska. Så skjer det noko som gjer at han ikkje lenger kan skjule kjenslene sine.

Kunstdetektivane handlar om David og familien hans, som er veldig interesserte i kunst. Dei reiser verda rundt, forfølgt av skurken Stig Svartvik.

Betydning

Bjørn Sortland har vunne fleire prisar for bøkene sine. Han har hatt skrivekurs fleire stader og var tilsett som professor i skrivekunst ved Norsk barnebokinstitutt. Han driv også Piggsvin forlag.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • barnebøker

Faktasjekk av

Morten O. Haugen