Cliffhanger er når handlinga i ei historie sluttar akkurat når nokon er i ein farleg situasjon, eller det skjer noko dramatisk. Den spennande avslutninga skal gjere at ein har lyst til å sjå neste episode, eller lese neste kapittel, for å finne ut korleis det går.

Cliffhanger er mest vanleg på slutten av ein episode i ein TV-serie, men det blir òg brukt i seriar av bøker og seriar av filmar.

På norsk betyr cliffhanger noko som heng frå ei klippe.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Sveinung Wålengen