Foto av truseinnlegg til éin gongs bruk
Truseinnlegg er mindre og tynnare enn vanlege bind. Dei kan samle opp mindre væske enn bind.
Foto av truseinnlegg til éin gongs bruk
Av /Shutterstock.

Truseinnlegg er heilt tynne bind. Dei blir festa i trusa og fangar opp utflod, dropar av tiss eller litt blod frå mensen. Truseinnlegg kan ikkje halde på like mykje væske som eit vanleg bind eller ein tampong.

Det finst truseinnlegg som kan brukast éin gong og som så blir kasta. Desse er laga av plast, papir og lim. Andre truseinnlegg kan ein vaske og bruke fleire gongar. Dei er laga av tøy.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Støkken Dahl
Lege