Sitat er ein mindre del av ein tekst som blir gjengitt heilt ordrett, eller heilt nøyaktig. Til dømes er «Peer, du lyg!» eit sitat frå Peer Gynt av Henrik Ibsen.

Sitat blir brukte både munnleg og skriftleg. Når det er skriftleg, er det vanleg å merke sitatet med hermeteikn: « ».

Direkte og indirekte sitat

Sitat kan vere ei ordrett gjentaking av noko ein person har sagt. Til dømes om det står i ei bok at Kim sa: «Eg vil ete kake på laurdag». «Eg vil ete kake på laurdag» er eit ordrett sitat.

Eit sitat kan også vere indirekte, det vil seie at det ikkje er heilt nøyaktig som personen sa det. Døme på det er: «Kim sa hen ville ete kake på laurdag».

Mange korte sitat er så kjende at dei har blitt ordtak.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Fred Huvenes