Ulv tisser på furu
Ein ulv markerer revir ved å tisse på ei lita furu.
Foto
Av /NTB.

Revir er eit område som eit dyr ser på som sitt eige og som det forsvarar. Dyret bur i reviret og kan merke det ved å tisse, bæsje, lage merke eller gni lukt der. På den måten kan andre dyr merke at dei er inne på reviret til andre.

Dyret kan varsle dei andre i familien eller flokken sin om at det har kome framande i reviret ved å lage lyd. Det kan òg angripe framande dyr dersom dei prøver å gå inn i reviret.

Revir kan òg kallast territorium.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Eli Knispel Rueness
Dr. scient., Universitetet i Oslo