Foto av steinsopp med ei lita snegle på
Steinsopp er god matsopp både for folk og dyr. Steinsoppen har fleire kjenneteikn:
  • Brun hatt
  • Kvitt eller gult rørlag under hatten
  • Brun base med eit kvitt mønster som liknar på netting
  • Kvitt kjøt

Matsopp er sopp som er trygge å ete og som blir brukt til mat. Det finst mange typar sopp, og nokre soppar er giftige. Difor er det viktig å vere heilt sikker på kva sopp ein har plukka før ein smaker på han.

Folk har ete sopp i tusenvis av år. I mange land er sopp viktig mat. Veldig mange matsoppar er vanskelege å dyrke fordi dei lev i saman med tre. Desse soppane kan berre plukkast i naturen. Dei vanlegaste matsoppane som folk plukkar i Noreg er kantarell, steinsopp og piggsopp, som dukkar opp seint på sommaren og på hausten.

Vill matsopp

I Noreg blir omtrent hundre artar brukte som matsopp. Matsoppen veks stort sett i skogen. Det finst også nokre i parkar, hagar og i beite. Dei fleste norske matsoppane veks opp av bakken. Nokre veks på tre og på gamle stubbar, til dømes stubbeskjellsopp og svovelsopp.

Desse soppane er mellom dei mest populære:

  • steinsopp
  • kantarell
  • lyse piggsoppar
  • fåresopp
  • traktkantarell

Å plukke sopp

Blek piggsopp
Bleik piggsopp veks i skogen. Det er ein god matsopp som det er lett å kjenne att. Alle lyse og mjuke piggsoppar er etande.
Blek piggsopp
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Nokre typar sopp er giftige, og enkelte av dei er så giftige at ein kan døy av dei. Nokre matsoppar kan likne på giftige soppar. Det er difor viktig å vere heilt sikker på kva sopp ein har plukka før ein smaker på han. I Noreg finst det soppar som er så giftige at sjølv ein liten bit kan vere døydeleg.

Det er tryggast å plukke ulike typar sopp i kvar sin korg eller pose. Plukk ein og ein sopp. Pass på at det ikkje kjem med nokon ekstra soppar i korga.

Den sikraste måten for å for å finne ut om ein har funne matsopp er å ta soppane med til ein soppkontroll. Ein kan også nytte ei soppbok eller sende inn bilete av soppen til ein digital soppkontroll.

Soppkontroll

Soppkontroll er eit tilbod til alle som plukkar sopp. I kontrollen sit det folk som har spesiell utdanning for å kunne kjenne igjen ulike typar sopp. Dei blir kalla soppsakkunnige. Ein kan ta med seg sopp ein har funne til soppkontroll. Då kan ekspertane fortelje kva sopp det er og om det er trygt å ete han. På hausten er det soppkontroll mange stader i landet.

I appen som heiter Digital soppkontroll får ein også hjelp av ekspertar, slik at ein kan vere trygg på kva sopp ein har funne.

Dyrking av sopp

Nokre matsoppar kan dyrkast. Dei lev som nedbrytarar, og kan til dømes leve på daude tre eller på søppel som kaffigrut. Eksempel på dei er sjampinjong eller østerssopp, som ofte er å finne ferske i butikken.

Næring

Matsopp inneheld mellom 75 og 93 prosent vatn. Dei inneheld også protein, mineral og vitamin.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Unni Vik
Førsteamanuensis, OsloMet – storbyuniversitetet