Bildet viser en vulkan som spruter ut rød lava mange meter opp i luften.

Når magma strømmer ut på overflaten, kalles den lava. Bildet er fra et utbrudd på Hawaii.

Foto av vulkanutbrudd.
USGS.

Magma er smelta bergarter, krystaller og gasser inni jorda. Magma som strøymer ut på overflata blir kalla lava. Magma kan også storkne til magmatiske bergartar nede i jorda, som så blir pressa opp til overflata. Granitt er eit døme på ein slik bergart.

Magmakammer finst frå rundt 75 kilometer til fleire hundre kilometer under jordoverflata. Så djupt nede er det veldig varmt, frå 750 grader til over 1000 grader.

Der jordplatene glir frå kvarandre eller dyttar mot kvarandre kan det vere mykje magma. Her kjem magmaen ofte til overflata og kan til dømes danne midthavsryggar. Ein midthavrygg dannast der jordplatene glir frå kvarandre og gir ein lang fjellrygg under sjøen som reiser seg 1–3 km over havbotnen rundt han.

Inni jordplatene kan det også ligge lava i såkalla hot spots. Hotspot eller «varmeflekk» (heteflekk) er eit meir eller mindre rundt vulkansk område med ein diameter på 100–200 km. Det har halde seg aktivt gjennom minst eit tital millionar år. Eit kjent døme på dette er Hawaii.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Torgeir Opeland Røthe
Førsteamanuensis i kvartærgeologi, Høgskulen på Vestlandet