Illustrasjon av talgkjertel

Kroppen har mange ulike kjertlar. Eit døme er talgkjertelen på biletet. Talgkjertelen ligg nær den øvre delen av hårsekken. Talgkjertlar lagar talg, som gjer at huda ikkje tørkar ut. Då virker huda bedre til å halde smitte og andre framande ting ute av kroppen.

Kjertel er ei gruppe med celler i kroppen som lagar eller slepper ut stoff.

Nokre kjertlar lagar stoff som trengst der dei er, og slepper ut stoff gjennom kanalar. Eit døme er kjertlane som lagar tårer. Andre kjertlar lagar stoff som nyttes heilt andre stader i kroppen, som ulike slags hormon. Dei sender stoffet sitt ut i blodet. Det finst òg kjertlar som slepper ut stoff som kroppen vil kvitte seg med, for eksempel sveitte.

Alle dyr har kjertlar. Menneske har mange ulike kjertlar i kroppen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo