Fotografi av ei hand som held ei lita maskin som måler blodsukker. Maskina har ein skjerm der ein kan lese av resultatet. I enden av maskina stikk det ut en pinne. Den sug ut ein bloddrope frå fingeren på den andre handa.
Ein kan måle kor mykje sukker det er i blodet ved å ta ein liten drope blod frå fingeren.
Foto
Av /Shutterstock.

Insulin er eit stoff i kroppen som hjelper til med å flytte sukker frå blodet og inn i celler. Menneske som har diabetes, kan trenge å få kunstig insulin gjennom ei sprøyte.

Insulin er eit hormon. Det blir laga av bukspyttkjertelen, som er eit langstrakt organ som ligg rett under magesekken.

Insulin hjelper også kroppen med å lagre feitt og byggje protein. Insulin er viktig når kroppen veks.

Blodsukker

Når ein et, går sukker frå maten over i blodet. Når sukkeret er i blodet, blir det kalla blodsukker. Ein kan måle om mengda sukkar i blodet er høg eller låg.

Når blodsukkeret er høgt, slepp bukspyttkjertelen ut meir insulin. Insulinet blir sendt ut i blodet og og kjem fram til nesten alle cellene i kroppen. Insulinet flyttar sukkeret frå blodet og inn i cellene som treng energi. Når sukkeret går frå blodet og inn i cellene, fell blodsukkeret. Ein får lågt blodsukker viss ein sluttar å ete i ein periode.

Diabetes

Utan insulin kjem ikkje sukkeret seg inn der det skal brukast. Då får ikkje kroppen nok energi, og ein blir slapp. Samtidig blir sukkeret verande i blodet. Då får ein for høgt blodsukker og blir dårleg.

Sjukdommen diabetes kjem av at insulinet ikkje verkar som det skal, eller at kroppen ikkje lagar nok insulin.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Per Holck
Professor emeritus, dr. med., Universitetet i Oslo