Fotografi
Modell av eit Apatosaurus-skjelett på ei utstilling i Chicago i USA.
Fotografi
Av /Shutterstock.

Apatosaurus var ein planteetande dinosaur med lang hals. Dei levde i Nord-Amerika for omtrent 150 millionar år sidan.

Apatosaurus levde på land.

Beskrivelse

Apatosaurusen blei mellom 21 og 29 meter lang. Han vog sannsynlegvis mellom 30 og 40 tonn. Det er 3 til 4 gonger så mykje som Diplodocus, eller 10 gonger så mykje som ein afrikansk elefant.

Apatosaurusen hadde lang, kraftig hals, og lange, tjukke bein. Halen var òg lang, og likna ein pisk. Langs toppen av ryggen hadde han to rekkjer med piggar. Hovudet var lite og lågt, med tenner som likna på blyantar.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Lene Liebe Delsett
Doktor i virveldyrpaleontologi, Universitetet i Oslo