Presens er ei form verb kan ha. Alle norske verb kan bli bøygde i notid og fortid. Presens er forma verb har når dei er bøygde i notid. Det vil si at det er noko som skjer no.

Eksempel:

  • Morten er sjuk
  • Hunden bjeffar
  • Line køyrer lastebilen

Eit verb i presens seier noko om notid, men ikkje kor lenge det varer. Det kan vere

  • noko som går over fleire år: Marius jobbar som brannmann.
  • noko som alltid har vore sånn: Kvalen er eit pattedyr.
  • noko som skjer ofte: Eg et pannekaker kvar fredag.
  • noko som skjer i framtida: Ha det, ser deg i morgon!

Historisk presens er å skrive om fortida, som om det skjer no. Til dømes ved å skrive om ein fotballkamp: Det norske laget får nytt mot når Carew skårar.

Ein hugseregel for presens er at ein kan setje no framfor verbet når det er bøygt i presens: No snakkar eg.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Rolf Theil
Professor emeritus, Universitetet i Oslo