Faktaboks

Også kjend som

moh.

Meter over havet er eit mål for høgde, for eksempel kor høge fjell er.

Når ein reknar ut meter over havet målar ein kor høgt noko er samanlikna med gjennomsnittshøgda til overflata på havet. Havet varierer i høgde med for eksempel tidevatn (flo og fjære). Når ein reknar ut meter over havet ser ein på gjennomsnittshøgda til havet over fleire år, dette blir kalla middelvasstand.

Meter over havet blir forkorta moh.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Norvald Kjerstad
Dosent, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet