trehus i dårlig stand, kvinne som bærer vann, gutt slapper av i gresset, gammel mann røyker pipe på trammen, eldre jente leier en liten jente
Husmannsplass ved Maridalsveien i Oslo, fotografert i begynnelsen av 1900-tallet.
Svarthvitt foto av husmannsplass
Av /Oslo Museum.

Ein husmannsplass var eit leigd stykke jord. Plassen hadde hus og der kunne det bu ein familie med fleire medlemmer.

Husmannen leigde husmannsplassen av ein bonde. Husmannen og familien betalte leige til garden ved å arbeide der. Det vart kalla pliktarbeid. Det var stor variasjon i kor mykje tid som gikk med til pliktarbeidet. Mange stader var husmennene og familiane fattige og hadde låg status i samfunnet.

Dei første husmannsplassane i Noreg blei etablerte på 1500-talet. Det vart særleg mange frå midten av 1700-talet og fram til omkring 1850. Husmansvesenet vart avvikla tidleg på 1900-talet ved at husmannen fekk kjøpe bruket.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Almås
Professor emeritus, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet