Hashtag er ein måte å merke ord på, først og fremst på internett. Merkinga blir gjort ved å setje teiknet # (hash) framfor ordet.

Hashtag blir også kalla emnetagg, emneknagg, tagg, nøkkelord og emneord.

På mange sosiale medium kan ein klikke på ein emneknagg for å søkje etter innhald som handlar om det same temaet.

Emneknaggar har også vore nytta for å skape merksemd om saker. Det er til dømes saker som #BlackLivesMatter og #metoo. Emneknaggar kan dermed også vere sårbare for for at nokon spreier innhald knytta til eit emneord med anna innhald enn det opphavleg handla om. Det er til dømes for å tene pengar på reklame eller spreie falske nyheiter.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arnt Maasø
Førsteamanuensis, Universitetet i Oslo