Ratatosk i Yggdrasil

Det er mange ulike dyr som lever i Yggdrasil. Ratatosk klatrar opp og ned langs stammen og spreier uvennskap og splid. Illustrasjon i eit islandsk manuskript frå det 17. hundreåret.

Árni Magnússon Institute, Iceland..

Ratatosk er i norrøn mytologi eit ekorn som bor i verdstreet, eller livstreet, Yggdrasil. Yggdrasil veks i Åsgard, der gudane bur. Trekrona er alltid grøn, og går heilt opp til himmelen.

I Den eldre Edda står det at Ratatosk klatrar opp og ned langs stammen på Yggdrasil med meldingar. Ratatosk spreier ufred mellom alle vesnene i treet.

På toppa av treet er det ei ørn, og nede ved rota er ormen Nidhogg. Den viktigaste oppgåva til Ratatosk er å gi beskjedar mellom dei to skapningane. Ofte er beskjedane sladder og fornærmingar som gjer at ørna og Nidhogg blir uvenner.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Ellen Marie Næss
Universitetet i Oslo