Faktaboks

Også kjend som

FIVH

En dame står på et bytorg. Foto
Anja Bakken Riise er leder i Framtiden i våre hender.
Fotografi
Av /NTB.

Framtiden i våre hender er ein norsk organisasjon som arbeider for at folk skal leve meir miljøvennlege liv. Namnet blir forkorta FIVH.

FIVH har over 40 000 medlemmer og er ein av dei største miljøorganisasjonane i Noreg.

Viktige saker

Dette er dei viktigaste sakene for organisasjonen:

  • At det skal bli lettare å gjere miljøvennlege val i kvardagen
  • At det skal bli brukt mindre miljøgifter i ting som blir produserte
  • At folk skal kaste mindre mat
  • At dei som lagar klede for dei store kleskjedene, skal få betre arbeidsforhold
  • At bankar og oljefondet skal bruke pengar i bedrifter som er betre for klima og miljø

Historie

FIVH vart grunnlagt i 1974. Dei tok namnet frå ei bok som forfattaren Erik Dammann skreiv. Boka heiter Framtiden i våre hender og kom ut i 1972.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • miljøvern
  • menneskerettar
  • berekraftsmål
  • klimaendringar

Faktasjekk av

Lene Liebe Delsett
Doktor i virveldyrpaleontologi, Universitetet i Oslo