Bildet viser en kalender med februar måned. Det er en rød sirkel rundt datoen 29.
2016 var eit skuddår.
Fotografi
Lisens: CC BY SA 3.0

Skuddår er eit år der det blir lagt til ein ekstra dag i kalenderen. Den ekstra dagen blir lagt til 29. februar kvart fjerde år.

Jorda bruker eitt år på å fullføre ein runde rundt Sola. I kalenderen er året delt inn i 12 månader.

Kvar månad er delt inn i heile dagar, og det er 365 dagar i eit år. Men Jorda bruker ikkje nøyaktig heile dagar på runden sin rundt Sola. Jorda bruker 365,2422 dagar på å fullføre ein runde. Derfor må ein leggje til ein ekstra dag kvart fjerde år for å gjere opp for skilnaden på 0,2422 dagar per år.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Anna Kathinka Dalland Evans
Universitetet i Oslo