Dei to statane som heiter Kongo
Det er to statar som heiter Kongo: Den demokratiske republikken Kongo (raud) og Republikken Kongo (blå). Kongoelva er ein viktig del av grensa mellom dei to landa.
Dei to statane som heiter Kongo
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kongo er namnet på to ulike statar i Afrika:

  • Den demokratiske republikken Kongo. Hovudstaden i dette landet er Kinshasa, og landet blir difor ofte kalla Kongo-Kinshasa. Landet heitte Zaïre frå 1971 til 1997.
  • Republikken Kongo. Hovudstaden i dette landet er Brazzaville, og landet blir difor ofte kalla Kongo-Brazzaville.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Arne Tostensen
Seniorforsker emeritus, Dr. philos., Chr. Michelsens Institutt