Illustrasjon av stabilt sideleie

Stabilt sideleie: Personen ligg på sida med hovudet litt bakover. Slik blir det lett å puste. Den eine armen er bøygd slik at handa ligg under hovudet. Den andre armen ligg rett ut, framover sida, slik at personen ikkje veltar. Det eine beinet ligg rett. Det andre beinet er bøygd framover, for å halde balansen.

Illustrasjon av stabilt sideleie
Av /Lærdal Medical.

Stabilt sideleie er ein måte ein kan leggje ein person som er sjuk eller skada på. Det er vanleg å leggje ein person i stabilt sideleie i samband med førstehjelp. Å ligge i denne stillinga gjer at den sjuke ligg trygt på bakken eller eit golv. Det gjer det også enkelt for personen å puste.

Sideleie tyder at personen ligg på sida. Viss ein ligg på ryggen eller på magen, kan det gjere at den sjuke ikkje får puste. Derfor er det spesielt viktig at personar som er bevisstlause ligg på sida.

Stabilt tyder at ein ligg stødig og ikkje så lett veltar over på ryggen eller magen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Erlend Hem
Professor, Universitetet i Oslo