Hen er eit personleg pronomen som ikkje seier noko om kjøn. Han og ho er personlege pronomen som seier noko om kjøn.

Ein kan bruke hen når ein snakkar om nokon ein ikkje veit kjønet på. Då brukar ein hen i staden for ho/han eller vedkomande. Det kan også brukast der kjønn ikkje har noko å seie.

Ein del personar vil ikkje omtale seg sjølve som mann eller kvinne, men som ikkje-binære. Mange av dei brukar hen som personleg pronomen.

Les meir i Vesle norske leksikon

Faktasjekk av

Reidar Schei Jessen
Forsker, Universitetet i Oslo