Inkludere betyr å sørgje for at alle får vere med. Når ein inkluderer driv ein med inkludering.

Inkludering handlar om at dei som skil seg ut, skal få delta på same måte som andre. Ein kan sørgje for inkludering i samfunnet, på skolen og i sosiale aktivitetar. Ein kan tilpasse dei fleste aktivitetar slik at alle kan vere med. For eksempel kan ein gjere det slik at ein som brukar rullestol kan vere med på det same som folk som brukar beina.

Inkludering og menneskerettar heng saman. Menneskerettane seier at alle menneske er like mykje verd. Då er det viktig at alle får same moglegheit til å vere med i samfunnet.

Les meir i Vesle norske leksikon

  • inkludering

Faktasjekk av

Jan Frode Haugseth
Førsteamanuensis, NTNU – Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet